I tilfelle brann
- Forfatter:
- Frida Andersen
Korleis går det an å møte livet att etter at ein har møtt veggen? Eg-personen kjemper dagleg mot trongen til å berre vere heime, sjå på TV-seriar og ete potetgull til middag. På same tid held ho på å kvelast av det. Og av Selma, som er både den beste og den verste ho veit. For det er ikkje lett å kjempe seg tilbake til arbeidslivet når ein har nokon i livet sitt som heile tida minner ein på alle dei stadene ein kjem til kort. Dette er ei sår historie om kor fysisk vondt det er å vere psykisk sjuk og om å prøve å elske seg sjølv når ein eigentleg helst vil la vere.
Leseforslaget er utarbeidet gjennom et prosjekt støttet av Kulturrådet, og formidles av Hege Hopen fra Sola bibliotek.
Lån boka her.
- Kategorier:
- Boktips