I skuggen av kolonialisme

Prisen i år er tildelt Abdulrazak Gurnah. Han er mest kjend for forteljingar med utgangspunkt i Zanzibar, der han sjølv vaks opp.

– Han blir tildelt prisen fordi han utan kompromiss og med stor medkjensle har sett søkelyset på konsekvensane av kolonialismen og lagnaden til flyktningar i gapet mellom kulturar og kontinent, sa Mats Malm frå Svenska Akademien, under kunngjeringa av prisvinnaren 7. oktober.

«Først gutten. Han het Yusuf og reiste plutselig hjemmefra i sitt tolvte år». Slik begynner romanen «Paradis», som vart eit gjennombrot for forfattaren. Guten i forteljinga vert seld som slave til sin eigen onkel for å betale gjelda til faren, og hamnar ut på ei lang og farleg reise. Boka kom på norsk i 1996, og du kan låne ho på biblioteket. Om boka ikkje er på hylla, kan du lese ho digitalt frå Nasjonalbiblioteket (nb.no).

Ei anna bok på norsk i digital utgåve er «Taushetens øy» (nb.no). Boka handlar om ein mann som reiser frå England til Zanzibar for å reflektere over fortida.

Tre av dei ti romanane hans har norsk språkdrakt. Kari og Kjell Risvik har også omsett «Ved sjøen». Omtale av «Ved sjøen» (aftenbladet.no).

Historia sine årringar

Sultanstyre og slavehandel er noko av det som har prega historia til Zanzibar (snl.no).  Under frigjeringa frå kolonistyret vart det ein revolusjon i 1964, der dei tidlegare lokale herskarane og folk med arabiske slektsrøter etter kvart måtte flykte frå øya, for ikkje å møte ein ublid skjebne.

Meir om prisen og forfattaren

Abdulrazak Gurnah, som er født i 1948, har lenge budd i England. I tillegg til å vere forfattar er han litteraturkritikar og underviser i engelsk og litteraturvitskap ved universitetet i Kent. Han har også redigert fleire antologiar om afrikansk litteratur.

Abdulrazak Gurnahi får nobelprisen i litteratur (nrk.no).

Nyheitsinnslag om forfattaren  (Abdulrazak Gurnah, first African to win Nobel Literature since 2003, The Hindu, film på YouTube).

Tekst: Helge Skurtveit, bibliotekutvikling Vestland
Foto heading: Ninno JackJr, Unsplash

Translate »