Mange likar å kombinere ein tur med å sjå etter velsmakande vekstar. På seinsommaren finn vi mogne bær, plantar og sopp i skog og mark. I denne artikkelen kan du lese om bøker, nettstadar og appar, til hjelp for matauk gjennom dei fire årstidene.

Ville tradisjonar

Ei oppdatert liste med eit utval  bøker ser du her, med omtalar av ulike artar og korleis ein kan bruke dei (nrk.no). I lenkene er det smakebitar av innhaldet.

Munnleg kunnskap om dyrka, ville og forvilla vekstar har gått i arv gjennom historia. Menneske har lært å nytte det dei har funne av mat og medisin. Då munkar kom til Noreg på 1000-talet, tok dei med seg nye plantar til klosterhagane. Krydder som vi i dag kan kjøpe i butikken, har vore vanlege å plukke og tørke. «Urtekilden» er ein god nettstad for plantar (rolv.no).

For ein del vekstar er det anbefalt å leite etter dei nye blada og blomstrane. Slik at den beste tida for å sanke dei er om våren og tidleg på sommaren, men nokre er gode også seinare på året.
Trond Svendgård arbeider som kokk, og i boka «Plukk selv» skriv han om korleis vi kan utvide innhaldet på kjøkkenet (intervju, nationen.no). På siste sida i dette utdraget kan du lese om sisselrot  (cappelendam.no). Sisselrot vert kalla «Noregs lakris», og rota til denne bregnen har ein søtleg smak. Planten er lett å kjenne igjen, medan andre må ein lære godt for ikkje forveksle med dei som ikkje er etande. Nokre plantar må brukast i mindre mengder, og «the devil is in the dose». Til dømes har ein vanleg vekst som ryllik (rolv.no) mange gode eigenskapar, men han inneheld små mengder av det giftige stoffet tujon.

Ei kjelde til å finne ville vekstar og dyr i norsk natur er appen Artsorakel (vurdering frå barnevakten.no).

Last ned Artsorakel-appen for iOS (iPhone)

Last ned Artsorakel-appen for Android

I diktet «Tid å hausta inn»  (youtube.com) omtalar Olav H. Hauge tyttebær og bjørnebær. Å plukke ville bær har vore ei viktig næring i enkelte område, og tidleg på 1900-talet vart det sendt store mengder blåbær over Nordsjøen til England. Å finne skogsbær til eige bruk er ein tradisjon for mange, og frå barndommen kan vi ha med oss opplevingar som Alf Prøysen skildrar i «Blåbærturen» (youtube.com). Heldigvis er det lite vi treng å vere redde for i skogane på våre kantar, utanom å sjekke kleda for flått og unngå hoggorm.

Sopp i mange former

Sopp i steikepanne, foto

Kunnskap er svært viktig når det gjeld sopp. Sjekk til dømes om det finst soppkontrollar der du bur, eller bruk appen.

«Høsten er en liten gul mann», skreiv Arild Nyquist i diktet «Årets tider» (Poesiringen, facebook.com). Når vi ser kantarellar lyse opp, kan vi gle oss til å bruke dei i gode måltid.

Kunnskap er svært viktig når det gjeld sopp. Ei liste med anbefalte bøker finn du her (soppognyttevekster.no). Ein kan starte med nokre soppar som er lette å kjenne igjen (wikipedia.org).

Å lære frå nokon som kan mykje om sopp, gå på kurs og lese om ulike typar og sjå bilde, er måtar å oppdatere kunnskapen på.
I sesongen finst det soppkontrollar nokre stadar, og eit alternativ er ein nettbasert soppkontroll via ein app (app.soppkontroll.no). Her er ein artikkel som fortel meir; «Er soppen giftig? Soppkontroll med smart app» (dagbladet.no). Tida for når det neste gong er nokon til stades for å kontrollere sopp, vil vi finne i appen når vi klikkar på «digital soppkontroll».

Last ned Digital soppkontroll-appen for iOS (iPhone)

Last ned Digital soppkontroll-appen for Android

Soppar finn vi ikkje berre på bakken. Chaga, eller kreftkjuke, er ein spesiell type som veks mest på bjørketre (rolv.no). Soppen blir brukt til te, og han kjend frå folkemedisin i fleire land.

God tur med trygg matauk!

Tekst: Helge Skurtveit, bibliotekutvikling Vestland
Ta gjerne kontakt om du har kommentarar eller innspel til artikkelen: helge.skurtveit@vlfk.no

Bilde heading: Maria Vojtovicova, Unsplash
Bilde inni: Sebastien Marchand, Unsplash

 

Translate »